• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
Nedstrand – Offisiell side

Nedstrand - Offisiell side

Nedstrand

  • Heim
  • Opplev
    • Friluftsliv
    • Ete og drikke
    • Overnatting
    • Kultur og aktivitetar
    • Idrett, barn og unge 
  • Kva skjer?
  • Info
    • Offentlige tjenester 
    • Bedrifter 
    • Lokallag 
    • Boligtomter Øverland
  • Nedstrand Bygdeutval
  • Presse

Leidangsnaustet på Leiranger 

Båtnaust frå jernalderen

Ved garden Leiranger ligg tuftene etter eit stort båtnaust frå jernalderen . Med sine 34 meter er det blant dei største vi kjenner til frå Sørvest-Noreg. Vika med smalt innløp gir ei naturleg hamn som er skjult frå sjøen.

Saman med den strategiske plasseringa på nordsida av Boknafjorden har dette vore eit godt eigna stad å halde skip. Naustet har truleg vore del av eit organisert kystforsvar – leidangen – som vart etablert av Håkon den Gode på 900-talet. Gården Leiranger var senter for “Leranger Skibrede” i fleire hundreår. I 2012 ble det funnet deler av et sølvbeslått praktsverd på staden. Arkeologane daterte det til ca. år 900. Kanskje det ble brukt under slaget i Hafrsfjord?

  • Link

Written by:
Vestbris
Published on:
31. januar 2024

Categories: Friluftsliv

Footer

Nedstrand – Bygdeutvalet

Bidrag frå Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune har gjort oss i stand til å lage denne nettsida.
E-post: post@nedstrand.info

Copyright © 2025 · Levert av Vestbris