• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
Nedstrand – Offisiell side

Nedstrand - Offisiell side

Nedstrand

  • Heim
  • Opplev
    • Friluftsliv
    • Ete og drikke
    • Overnatting
    • Kultur og aktivitetar
    • Idrett, barn og unge 
  • Kva skjer?
  • Info
    • Offentlige tjenester 
    • Bedrifter 
    • Lokallag 
    • Boligtomter Øverland
  • Nedstrand Bygdeutval
  • Presse

Nedstrand Kyrkje

Nedstrand Kyrkje er saman med prestegarden sentralt plassert i bygdemiljøet på Hinderåvåg. Langkyrkja vart reist i 1868 og er basert på slottsarkitekt Linstow sine typeplanar. Det høgreiste tårnet som avsluttar skipet markerer seg godt mot fjellsida i bakgrunnen som rullar ned mot vågen og sjøen. Ti store vindauge slepp rikeleg med lys inn til det vakre kyrkjerommet. Gylne tømmerveggar varmar eit interiør prega av rolege grøntonar. Inst i koret står altertavla frå 1611. Med sine detaljrike utskjeringar og klare fargar frå Stavanger-renessansen er dette kunstverket kanskje Nedstrand sitt største klenodium.

Ned bakken mot elva Hinderå ligg den gamle middelalderkyrkjegarden. Her kan ein sjå steinstøtta som i gamle dagar vart nytta som gapestokk.

Året rundt arrangerast konsertar samt religion- og kulturarrangement i kyrkja eller i forbindelse med kyrkja. Om somrane kan ein nyte vakre tonar på «musikk i sommarkvelden», eit arrangement som går over fleire sommarkveldar med forskjellege band og artistar som opptrer. I desember har vi den tradisjonsrike julekonserten med kor, solistar og band. 

  • Facebook
  • Link
  • Mail

Written by:
Vestbris
Published on:
20. februar 2025

Categories: Kultur og aktivitetar

Footer

Nedstrand – Bygdeutvalet

Bidrag frå Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune har gjort oss i stand til å lage denne nettsida.
E-post: post@nedstrand.info

Copyright © 2025 · Levert av Vestbris