• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
Nedstrand – Offisiell side

Nedstrand - Offisiell side

Nedstrand

  • Heim
  • Opplev
    • Friluftsliv
    • Ete og drikke
    • Overnatting
    • Kultur og aktivitetar
    • Idrett, barn og unge 
  • Kva skjer?
  • Info
    • Offentlige tjenester 
    • Bedrifter 
    • Lokallag 
    • Boligtomter Øverland
  • Nedstrand Bygdeutval
  • Presse

Nedstrand Bygdemuseum 

Nedstrand bygdemuseum består av ei rekke separate utstillingar i og rundt Stranda i Nedstrand. Ved tunet til gamle Stranda skule finn vi museet sitt hovudkontor og fleire spanande utstillingar sett saman frå lokale samlingar. På sjølve tunet er bygd eit lite amfi som vert nytta til forteljingar, foredrag og konsertar på fine solskinsdagar, og i eit vernebygg på ferjekaien like i nærleiken er husa eit av landets eldste trebygg — ei restaurert tollbod frå 1549. Denne var m.a. del av ein større tollstasjon, «Ryfylke toldsted», som spela ei viktig rolle i den omfattande trevarehandelen som fann stad i området i fleire hundre år.

Nedstrand bygdemuseum disponerer elles eit tur- og friluftsområde på Leirå, kor ein kan besøka den gjenreiste Nessaskulen, med interiør frå 1860-talet. Og på Leiranger finn vi restane av muren til det gamle leidangsnaustet til Leiranger skibrede, som har sine røter tilbake i vikingtida.

Opningstid:
Sommersesong: juni-august
Søndag: 15- 18
Resten av året etter avtale.

Telefon: 46 66 88 94/90 88 50 17

  • Link
  • Mail

Written by:
Vestbris
Published on:
20. februar 2025

Categories: Kultur og aktivitetar

Footer

Nedstrand – Bygdeutvalet

Bidrag frå Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune har gjort oss i stand til å lage denne nettsida.
E-post: post@nedstrand.info

Copyright © 2025 · Levert av Vestbris