Leirå er eit veletablert friluftsområde, sosial arena og rekreasjonsområde for tilreisande og fastbuande.
Vel ein kilometer inn frå Nedstrand Sentrum, Stranda, finn du skilt til Leirå. Her er to lange, langgrunne strender med leire. Der er mellom anna flott sandvolleyballbane og gode høve til å grille, sole seg, bade og fange strandkrabbar. Det er også toalett her.


Frå Leirå kan ein gå rundtur i historiske omgivnadar. Gamle Nessa Skule ligg i skogen opp fra grasplenen, og følger du stien videre langs sjøen eller gjennom skogen kjem du til slutt til Tunganeset fyr. På stien passerer du mellom anna fleire graver frå jernalderen, og to flotte små vikjer – Kjøphammaren og Dalshamna.