• Skip to primary navigation
  • Skip to main content
Nedstrand – Offisiell side

Nedstrand - Offisiell side

Nedstrand

  • Heim
  • Opplev
    • Friluftsliv
    • Ete og drikke
    • Overnatting
    • Kultur og aktivitetar
    • Idrett, barn og unge 
  • Kva skjer?
  • Info
    • Offentlige tjenester 
    • Bedrifter 
    • Lokallag 
    • Boligtomter Øverland
  • Nedstrand Bygdeutval
  • Presse

Falkehytta på Dalva

Falkefangst og falkejakt, ein levande kulturarv med røter frå fortida. Falkefangst som næring er dokumentert heilt tilbake til 1100-talet og kanskje endå lengre. Jakt med falk har til alle tider vore ein sport for kongar, adel og rikfolk. Ein brukte falk til jakt, og det vart sett på som ein kunst å trena ein god jaktfalk. Små hytter, nærare torvgammar, vart sette opp i fjellet for å fange falkane, og på Dalva kan ein besøke ei restaurert falkehytte, lese og sjå føre seg korleis det heile føregjekk. For å kome til falkehytta må ein dra forbi Joker Nedstrand og opp Øredalen, ca 2km frå krysset. Rett før vegen flatar ut på toppen er falkehytta på høgre side. 

Written by:
Vestbris
Published on:
4. mars 2025

Categories: Friluftsliv

Footer

Nedstrand – Bygdeutvalet

Bidrag frå Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune har gjort oss i stand til å lage denne nettsida.
E-post: post@nedstrand.info

Copyright © 2025 · Levert av Vestbris