Tollbua
I det idylliske trehusmiljøet på Stranda kan ein vandre mellom særeigne strandsitjarhus med frukthagar og båtplassar. Vernebygget på kaien rommar den gjenoppbygde tollbua frå 1600-talet. Den vitnar om ei tid med stor handelsaktivitet, skipsfart – ja til og med eit og anna sjørøvarraid. Bygdemuseet – Gamle Stranda skule og Vatlandssamlinga på Baustad, har utstilt ei rekke gjenstandar frå kvardag og utferd dei siste hundreåra. Vestanfor strandstaden ligg det gamle fogdesetet på Sandsgård. Det herskapelege våningshuset er rekna blant dei vakraste 1700-talsbygningane i Rogaland.
Opningstid:
Sommersesong: juni-august
Søndag: 15- 18
Resten av året etter avtale.
Telefon: 46 66 88 94/90 88 50 17
Epost: nedstrand.bygdemuseum@gmail.com