Nausttuftene på Leiranger

Båtnaust frå jernalderen
Ved garden Leiranger ligg tuftene etter eit stort båtnaust frå jernalderen . Med sine 34 meter er det blant dei største vi kjenner til frå Sørvest-Noreg. Vika med smalt innløp gir ei naturleg hamn som er skjult frå sjøen.

Saman med den strategiske plasseringa på nordsida av Boknafjorden har dette vore eit godt eigna stad å halde skip. Naustet har truleg vore del av eit organisert kystforsvar – leidangen – som vart etablert av Håkon den Gode på 900-talet.