Himakånå

Den perfekte turen!
Sidan sommaren 2017 er det blitt svært populært å gå til den spektakulære fjellformasjonen Himakånå. Den ligg 357 meter over havet, og blir av mange kalla Nedstrand sitt svar på Trolltunga.

Ein går til Himakånå frå Hinderåvåg, der det er parkering ved Joker Hinderåvåg.
Ein går der i frå omlag 750 meter austover, forbi kyrkja og over ei bru, opp bakken til ein liten raudmalt trafokiosk. Her er det skilta mot Himakånå og Stølanuten. I starten går ein på traktorveg, seinare på sti.

Det kan vere vått på turen, så godt skotøy er å anbefale.

Les meir om Himakånå på vistithimakana.com