Barnehage og skule

Nedstrand har både barnehage, barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule.

Nedstrand barnehage

Barnehagen er fordelt i avdelingane Nypedalen, Bjørkeli og Hedla. Uteområdet er stort og variert med både leikeapparater og naturlege haugar, klatretrær og gøymestader. Me har dei siste åra sett fokus på barnas nærmiljø – der barna vil komma til å vera dei nærmaste 10 – 15 åra av sitt liv, og kanskje lenger.

Barnehagen sin visjon: Glade barn i eit rikt miljø

Barnehagen sitt hovudmål: I Nedstrand barnehage får barna gjennom medverking og aktivitetar i nærmiljøet og lokalkulturen, tileigna seg kompetanse innanfor dei sju fagområda.

Nedstrand barne- og ungdomsskule

Eit godt læringsmiljø kan gi ein god start på livet, og mykje av grunnlaget blir lagt i det låge bygget med dei varme fargane – i barnehagen i Hinderåvåg. Dette er basen til 50 små oppdagarar fordelt på tre avdelingar, som sørgjer for at friområda og nærmiljøet rundt blir grundig kartlagt. Utforskinga slutter heldigvis ikkje når barnehagen er over. Den held fram i hagen, skogen, fjæra, akebakken og fjellet.

På Nedstrand barne- og ungdomsskule nyt lærarar og elevar godt av eit skuleanlegg som har blitt utvida og pussa opp dei siste åra. Kvar dag kjem om lag 130 elevar frå 1. til 10. klasse til morgonsamling her, før dei går kvar til sitt klasserom. Det er mykje som ein skal gjennom – heldigvis står dei om lag 20 engasjerte kunnskapsformidlarane klare for jobben. Under same tak har biblioteket ein filial, og som nærmaste nabo til ligg Bygdahuset med stor idrettssal og symjebasseng.

Her kan du lese meir om Nedstrand barne og ungdomsskule. 

Tveit vidaregåande skule

Nede ved sjøen ligg Tveit vidaregåande skule, ein populær utdanningsstad for dei med grøne fingrar og firbeinte vener. Skulen tilbyr kurs innan m.a. naturbruk, gartneri og hestehald, og dei fleste elevane bur på internat på skulen. Saman skaper NBU og Tveit mykje aktivitet til glede for resten av bygda, noko som er spesielt synleg under den tradisjonsrike 17.-maifeiringa. Då vert tunet på landbruksskulen for ein dag gjort om til festområde, fylt av bunad, brass og flygande hestesko.

Tveit arrangerer òg dei to populære arrangementa Åpen Gård i mai og Jul på landet i desember. Dette er dagar der Tveit og bygda elles verkeleg får vist seg fram.

Her kan du lese meir om Tveit vidaregåande skule.