Reise

Informasjon for reisende

Det er lett å komme seg til Nedstrand både via landeveg og sjøveg. Frå E39 tar du av til fylkesveg 515 i Grinde, og passerer den idylliske nabobygda Skjoldastraumen på veg søraustover. Når du har passert Yrkje, er du på Nedstrandshalvøya. Frå Espevik opnar bygda seg mot fjorden. Her kan du ta av mot Liarvåg om du vil, eller fortsette innover. Du passerer Muslandsvåg og finn Hinderåvåg, før du når Stranda, der hurtigbåt og ferje kjem inn. Vidare innover kjem du til Nessa og Kvam, og Ringja heilt inst.

Busselskapet Kolumbus tar deg trygt innover frå Haugesund og Aksdal.
Her finn du bussruter til Nedstrand

Kjem du sjøvegen, kan du velge ferge i Jelsasambandet. Denne ferga tek deg innover i Ryfylke eller sørover til Stavanger via Finnøy.
Her finn du ferjeruter til Nedstrand

Hurtigbåten er eit fint alternativ til bil, om du kjem frå Stavanger, eller skal sørover. På fine dagar er det òg reine eventyret i vakker Ryfylkeskjærgård.
Her finn du hurtigbåtruter til Nedstrand

Reiser du med fly, er Helganes utanfor Haugesund nærmaste flyplass. Ein reknar omlag ein times kjøring dit. Sola utanfor Stavanger er heller ikkje langt unna, men du må rekne omlag to timars kjøring til Nedstrand.