Eigen båt

Tar du sjøvegen til Nedstrand?

Nedstrand ligg flott til i Ryfylke der Boknafjorden og Vindafjorden møtest, skjerma for nordavinden og med ein fantastisk natur. Båtforeninga har 123 faste plassar i flytebrygge med bølgjedempar og plass til 20-30 gjestebåtar. Det er tilgang til straum og vatn i hamna og drivstoff frå automatpumpe.
Det er flott nytt servicebygg i båthamna, med dusj, toalett og vaskemaskin.
Dei lokale kjøpmennene har eit utval av tau og anna utstyr til båt i tillegg til vanlege kolonialvarer. Butikkar og kafé er rett ved båtforeninga.

Nedstrand Båtforening, 5560 Nedstrand
Epost: nedstrand.bf@gmail.com
Heimeside: www.nedstrand.org
Mobil: 467 67 200