Ny nedstrand.info

Me har jobba med å gjere nedstrand.info betre.

Det har blitt gjort arbeid med å utbetre nedstrand.info. Målet har vore å gjere sida enklare å bruke, og å samle den informasjonen som låg på den førre sida og gjere den meir oversiktleg.
Kalenderen er den same, men har fått ei ny utforming. Framleis håper me at mange vil vere med å melde inn arrangementa sine.

For augneblinken finn ein ei oversikt over lokallag og verksemder på sida. Her håper me å få ei kort beskriving av kva dei ulike driv med, og gjerne eit bilde. Dette kan sendast til imyklebust@hotmail.no.

Me vil også svært gjerne ha tilbakemeldingar om kva de eventuelt saknar på sida, eller om informasjon bør oppdaterast.

På førehand takk for hjelpa- og velkommen til nye nedstrand.info!