Kyrkja på Hinderåvåg

Bygd i 1868
Nedstrand Kyrkje er saman med prestegarden sentralt plassert i bygdemiljøet på Hinderåvåg. Langkyrkja vart reist i 1868 og er basert på slottsarkitekt Linstow sine typeplanar. Det høgreiste tårnet som avsluttar skipet markerer seg godt mot fjellsida i bakgrunnen som rullar ned mot vågen og sjøen. Ti store vindauge slepp rikeleg med lys inn til det vakre kyrkjerommet. Gylne tømmerveggar varmar eit interiør prega av rolege grøntonar. Inst i koret står altertavla frå 1611. Med sine detaljrike utskjeringar og klare fargar frå Stavanger-renessansen er dette kunstverket kanskje Nedstrand sitt største klenodium.

Ned bakken mot elva Hinderå ligg den gamle middelalderkyrkjegarden. Her kan ein sjå steinstøtta som i gamle dagar vart nytta som gapestokk.