Nedstrand Bygdeutval

Årsmøtet i Nedstrand Bygdeutval 2016

Klikk NBUV_Aarsmøte16 for å laste ned agenda og innhald til årsmøtet.

Årsmelding 2015

Årsmelding for Nedstrand Bygdeutval.

Årsmøtet 2015 vart halde 11. Februar på Stranda Sosialsenter.

Styret har hatt denne samansetjinga: Arne Myskja (leiar), Gudmund Eide (nestleiar) Kristoffer Salvesen (sekretær), Marit Kristin Lie Rasmussen (kasserar), Geir Espevold (medlem).

Det har vore halde 7 styremøter. I tillegg har styret arrangert lanseringsfest for nedstrand.info med kring 90 deltakerar på Bygdehuset, Evert Taube-konsert på Museet Amfi og Serenade-konsert i Tollbua, begge i samarbeid med Nedstrand Bygdemuseum.

Nedstrand 2020

Samarbeidet med Nedstrand 2020-prosjektet har tatt mykje av tida til utvalet. Det har blitt arbeidd med fylgjande prosjekt:

  • Opprusting av Leirå (under arbeid)
  • Merking av turstiar
  • Nye infotavler for Nedstrand (under arbeid)
  • Kartbord på Holekleiv og Hest (under arbeid)
  • Grafisk profil for Nedstrand
  • Ferdigstilling av nedstrand.info

Det er lagt vekt på å få fullført prosjekta. Mange av desse prosjekta inneheld val av informasjon og bearbeiding til gode tekstar og grafikk. Dette er tidkrevande arbeid som krev mange arbeidsrunder mellom Haugaland Vekst, reklamebyrå og bygdeutvalet.

Nedstrand.info er lansert og i drift, men det er enno mykje arbeid for å få det i god bruk. Inger Johanne Silgjerd Monstad har tatt på seg å koordinere dette arbeidet vidare. Det er viktig å få til eit godt samarbeid med dei viktigaste laga i bygda slik at nettstaden blir brukt aktivt.

Arbeidet på Leirå er også i ein fase der resultata viser godt att. Det er planar om opningsfest på St. Hans med familiearrangement og innviing av volleyballbanen. Det er gjort oppreinsking, drenering og tilrettelegging for god bruk av området. Det vart arbeidd med oppgradering av toaletta, men det er ikkje pengar til det i denne omgangen. Vi samarbeider med kulturkontoret for å få dette til.

Ferjesaka

Etter at fylkessamferdselssjefen la fram forslag om nye ferjeruter som ville innebære ein reduksjon til eit dagleg anløp av Nedstrand, har arbeid med å endre dette i endeleg vedtak i i samferdselsstyret tatt mykje tid. Vi har hatt eit godt samarbeid med ein engasjert ordførar, mellom anna med møte med fylkesordførar. Formannen har også skrive lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad og det har blitt sendt høyringsutkast til fylke og kommunen. Vi har også hatt kontakt med Suldal kommune for å få eit samarbeid om saka, og vi har hatt eit godt og aktivt samarbeid med Bygdelaget på Foldøy. Det har også vore positivt engasjement lokalt, mellom anna frå aksjon Behald ferja Nedstrand Hebnes Foldøy Jelsa og enkeltpersonar.

Korleis dette endar er enno usikkert.

Andre engasjement

Brev frå Dietlind Nakling om fortsatt legekontor på Nedstrand. Utvalet set pris på engasjementet og det utrulege arbeidet Dietlind har gjort som lokal doktor på Nedstrand, og har tatt kontakt med Tysvær Bygdeblad for å få dei til å gjere ei sak på det.

Nedstrand 03. Mai 2016

 

 

 

Arne Myskja                                                 Kristoffer Salvesen
leiar                                                              sekretær