Makalause Nedstrand

Nedstrandshalvhøya ligg med ryggen til nordavinden og med ansiktet mot sol og sjø før breie Boknafjorden deler seg opp og blir til små fjordfingrar som krummar seg innover i sjølve det norske grunnfjellet. Frå gammalt av var Nedstrand eigen kommune, men no høyrer vi til i Tysvær. Med fleire mil til kommunesentret, har vi vår eigen identitet i tillegg til at vi er gode tysværbuar.

UtsiktenCrop

Det meste av fellesfunksjonar er samla på Stranda og Hinderåvåg, men vi er frå Liarvåg, Espevik, Vassendvik og mange andre små bygdelag, samfunn som tidlegare ofte hadde si eiga dampskipskai og eigen butikk.
Nedstrand er rikt velsigna frå naturen si side. Vi har tre flotte fjellområde som er mykje brukt til turar. Den mest kjente og populære turen er kanskje Lammanuten (622 moh). Vi nedstrendingar går like gjerne på dramatiske Stølanuten (572 moh), Rossafjellet, Skrubburdsnuten, Dalvanuten eller tek ein tur på Hest. Der kan ein nyte flott utsikt over heile Lars Hertervig sitt rike kring Skjoldafjorden, med Haugalandet og havet i vest som bakgrunn. Vi har flotte stiar og skogsvegar for sykling, og turvegar for alt frå ein ti minutts spasertur til heildags vandring.

Nedstrand er nesten ei øy: eidet som knyter oss til fastlandet er berre ein kilometeer breidt, mellom Yrkje og Skjoldafjorden. Det tar tid å oppleve heile kystlinja vår. Båtfolket har sine favorittar kring Toftøysundet og på Stranda der båthamna har omkring 1000 båtovernattingar årleg. Fjorden byr på godt fiske enten ein vil dra ein torsk, dorge etter makrell eller prøve seg på djupvassfiske. Nedstrandsfjorden er 709 meter på det djupaste. Ikkje rart at mange fritidsfiskarar frå inn og utland har funne sitt eldorado her.

UtsiktCrop

Det gode klimaet vårt er kjent i heile regionen. Når skodda legg seg langs kysten, tyr mange Karmøybuar innover til Nedstrand. Temperaturforskjellen kan vere 10-15 grader på enkelte dagar. Når nordavinds-stormar bles i Haugesund kan det vere heilt stille på Stranda. Den høge middeltemperaturen viser att i eit planteliv med varmekjær lauvskog, kristtorn og lange tradisjonar for fruktdyrking.

Nedstrand har ei stolt historie. Når du har passert Espevik på veg innover, kan du ta av til Leiranger og vitje sentrum i det gamle skipreidet frå vikingtida. Der viser enno restane av naustet for langskipet som høyrde til her. Når vardane brann, måtte dei vernepliktige samle seg her og gjere seg klar til strid.

Kanskje er det enno meir kjent at Nedstrand husa Ryfylke tollstad frå 1630 til 1687. Her samla det seglskuter som frakta tømmer frå heile Ryfylke til Nederland, England og Skottland og som kom tilbake med eksotiske og nødvendige varer. Dette kan du lese meir om på desse sidene.

Nedstrand har havbruk, jordbruk, reiseliv, skular, kyrkje og sjukeheim. Tre butikkar høyres kanskje mykje ut på eit folketal på knapt 1000, men det fortel mest om at turismen er viktig for oss. Vi har mange hytte-, camping- og båtgjestar. Dei mange som har fritidshus på Nedstrand, er ein viktig del av bygdemiljøet. Mange sommarhytter har blitt til ein heilårs fritidsbustad og etter kvart fast bustad. Vi er mange som vel å bu på Nedstrand sjølv om det for nokre kan bety ein snau times reiseveg til jobb..

Så kva er det som gjer at vi vel å bu i denne bygda vår? Naturen er viktig, men folket er kanskje endå viktigare. Vi er ein gjeng som er stolte av staden vår og som tek i eit tak for å utvikle lokalmiljøet vårt vidare. Les meir om korleis det er å bu på Nedstrand. Vi får mykje til gjennom godt samarbeid. Vi er innfødde og innflyttarar, campingfolk og hyttefolk, turistar og fastbuande.

Samen e´ me makalause!

duplicate (72049)
duplicate (72049)