Saka som skal opp dreier seg op forslag til rutekutt for hurtigbåtane i Rogaland, som følgje av reduksjon i statens refusjonsordning på 80-100 millioner kroner.
– Me ønskjer å uttale oss om saka sett frå Nedstrand si side, og ber om at dette brevet blir lagt ved sakspapira. Etter å ha lese samferdselssjefen si saksutgreiing og Kolumbus sin rapport, ser me at Nedstrand ikkje er med i dei spesifikke forslaga til rutekutt, men på side 62 i Kolumbus sin rapport blir Nedstrand føreslått kutta ut som anløpsstad dersom dei tre aktuelle båtane ikkje dekker dei føreslåtte rutene, fordi me har vegforbinding til Aksdal, skriv bygdeutvalet mellom anna i brevet.
Dei meiner at rutetilbodet til Nedstrand, som i dag er det dårlegaste i Ryfylke, ikkje burde bli svekka, men snarare styrka.

Nedstrand bygdeutval er ikkje fornøgde, og har sendt brevet til Samferdselsutvalet, som skal ha møte førstkommande onsdag 17/10.

Brevet kan du lese ved å klikke på linken under:

Til samferdselsutvalget