Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Pepperkakebygda i Nedstrand

1. desember 2019 @ 16:00

Vil du var med å laga ei flott pepperkakebygd på Nedstrand? Dette er ein invitasjon til alle (barnehage, skule, bedrifter, privatpersonar) som måtte få lyst å sleppe kreativiteten laus og setje saman eit byggverk av pepperkakedeig. Gjer det saman med klassen din, kollegane, familien, barnebarna eller andre så måtte finne gleda saman. Me oppmodar til å bygge noko som gjenspeglar Nedstrand, t.d. skulen, barnehagen, Nedstrandstunet, fyret, Himakånå, butikkane, osv., men det er sjølvsagt lov å bygge kva ein vil. For å få ei oversikt over kor mange byggverk me skal lage plass til, er det fint om dykk sender ein sms til Beate Lindgren (97621843) eller til Kari Granberg Lund (97972074) for å registrere byggverket ditt/dykkar. Innlevering av byggverk onsdag 27.11.19 og torsdag 28.11.19 mellom kl.19.00 og 20.00 på Nedstrandstunet.

Detaljer

Dato:
1. desember 2019
Tid
16:00

Sted

Nedstrandstunet