Folkemøte om Himakånå og ferjesaka

Publisert av ingvild

Torsdag førre veke var det folkemøte på Bygdahuset der tema var Himakånå og ferjesaka. Det var godt oppmøte, og fleire tok til orde for kva dei synst er viktig i arbeidet rundt Himakånå framover, og korleis ein bør jobbe med ferjesaka.

Himakånå

Eit interrimstyre har arbeida ut forslag til korleis utviklingsprosessen rundt Himakånå kan organiserast, og dei presenterte sitt arbeid.

Svein Dalva og Annette Sæther møtte frå interrimstyret, saman med Leif Grindheim som har bistått på prosjektbasis.

Interimstyret føreslår at ein satsar på selskapsforma stifting, og kallar denne Nedstrand Bygdeutvikling. Dersom ein vel stifting, er dette ei juridisk eining som eig seg sjølv, og ingen kan trekke ut gevinstar privat.
Dersom ein dannar ei næringsstifting, kan stiftinga søke midlar frå andre stiftingar. Ein treng 200.000 kroner i grunnkapital for å starte ei stifting. Dette må ein jobbe med å få inn. Her kan ein utfordre Tysvær kommune, bedrifter, lag og andre kommersielle aktørar.
Interimstyret leverer i frå seg forslag til selskapsform og vedtekter, og utfordrar bygdeutvalet til å fungere som valkomite for å finne styremedlemmar og halde eit formelt stiftingsmøte.

Leif Grindheim påpeika på møtet kor viktig grunneigarar er i ein prosess med å satse på turvegar.
Han hadde sjølv tatt turen til Himakånå, og påpeika at vegen opp til «kånå» absolutt treng tiltak. Han peika også på at slik det er i dag, kan trea i skogen i første del av løypa bli øydelagde når folk gå på røtene. Grindheim sa at han trur Himakånå kan bli veldig godt besøkt.

Det var bra engasjement i salen, og mange relevante spørsmål blei stilte.

Bygdeutvalet påpeiker at dei vil i første omgang ha rolla som valkomite. Meir om rolle og ansvar framover skal avklarast på eit møte mellom interimstyret og bygdeutvalet der tema må vera vår rolle, meir formell overlevering, kompetanseprofil på kandidatar til stiftingsstyret, innhenta nødvendig kapital og framdriftsplan.

Her kan du sjå powerpoint-presentasjon frå møtet: Himakånå Nedtrand 1.3.2018

Ferjesaka

Ferjesaka blei også tatt opp mot slutten av folkemøtet. Det kom tydeleg fram at mange på Nedstrand er opptatt av å behalde ferja, og at fleire er kamplystne. Ei høyringsuttaling frå Nedstrand bygdeutval blei lagt fram på møtet.

Den kan du lese her:  Høringsuttalelse ferjesaka, siste oppdatert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *