Category Archives: Nyheitar

Vågal sykling i vill nedstrandsnatur

Publisert av ingvild

Bike Brothers NedstrandRittet har blitt til eit av dei mest urfordrande terrengsykkelritta på Vestlandet. Sykkeletusiastar frå fjern og nær kjem for å vere med på det særprega sykkelrittet som går mellom fjell og fjord i mange ulike terreng. Her er sykkelritt for både liten og stor.

Om du går for den snille varianten Folkerunda, eller den meir vågale utgåva, Bike Brothers Nedstrandrittet, får du deg ei vill og vakker oppleving i spanande sykkelløyper. Dette er femte gongen sykkelrittet blir arrangert.

Løypene i Bike Brothers NedstrandRittet byr på ulikt terreng og flott natur. Foto: privat

Søndag 18. juni 2017 er datoen, og start og mål er på Nedstrand idrettslag sitt idrettsanlegg på Hinderåvåg. Her blir det også passering i løpet av sykkelritta, noko som skaper ekstra spenning for både publikum og deltakarar.

I tillegg til ritta nemnt over, blir det heldt barneritt og ungdomsritt. Her kan altså heile familien få ein flott sykkeldag på Nedstrand. Bike Brothers NedstrandRittet blir arrangert av Nedstrand idrettslag i samarbeid med Bike Brothers.

Traseen i årets løp går mest av alt på grus, men du får også gleda av mykje skogsveg, sti og beitemark, samt utfordrande bakkar både opp og ned.

Det blir også nokre smale plankebruer og litt bekkevatn til anklane. Mellom alt dette blir det også litt naudsynt asfalt.

 

Dette er sykkelritta som blir heldt 18. juni 2017:

BBNR NedstrandRittet( 38,5 km)

BBNR Folkerunda (26 km)

BBNR Ungdom (16km)

BBNR Barn (ca500 m og 1,5 km)

 

«Du trur det ikkje før du har opplevd det, for maken til ritt veit me at du skal reise langt for å finne. Så «TA DEG UT», som me sier på Bike Brothers!» , er meldinga frå arrangørane.

Barnerittet startar klokka 10, medan dei andre ritta startar klokka 12. Det blir kafé og kiosksal ved Bygdahuset under heile arrangementet.

For å melde seg på Bike Brothers Nedstrandsrittet, kan du følgje denne lenka:

https://signup.eqtiming.no/?Event=bikebrother

Åtte gode grunnar til ein fjelltur

Publisert av ingvild

Er du glad i å gå på fjelltur? På Nedstrand er det mange nutar som berre ventar på folk som vil nyte den fantastiske utsikta. Under Midtsommarfesten i Tysvær får du høve til å vere med erfarne fjellfolk på heile åtte toppar på ein dag.

Utsikt frå Stølanuten, som ligg 577 meter over havet. Der er sett opp ein fin kvilebenk på toppen. Foto: Ingvild R. Myklebust

Dette er ein spektakulær tur, som går til Hedleåsen, Lammanuten, Gaupåsen, Tytefjell, Dalvanuten, Skrubburdnuten, Rossafjellet og Stølanuten. Turen er på omlag 40 kilometer. Litt av ei styrkeprøve der, altså.

Turen finn stad laurdag 24. juni.

Kanskje kan ein kalle dette Nedstrand sitt svar på den kjende 7-fjellsturen i Bergen? Der går ein 3,5 mil, og har ei total oppstiging på 2400 meter. Den høgaste toppen på den turen er Ulriken, som er 640 meter over havet. Lammanuten, som er den høgaste nuten på 8-nutarsturen på Nedstrand, er rett under med sine 631 meter over havet.

Det er NIL si sjølvoppnemnde turgruppe som inviterer til turen. Dersom ein synest dette verka freistande, er det berre å leite fram fjellskoa, pakke niste og sette på vekkarklokka. Turen startar nemleg klokka 04.44, og oppmøte er i rundkøyringa på Hinderåvåg klokka 04.40. Det blir opplyst av arrangøren at «dette er ingen pysetur».

Skrubburdnuten er Tysvær sin nest høgaste topp, med sine 591 meter over havet. Foto: Bjarte Fitjar

Ta med det du treng til ein 13-14 timars tur. Fornuftig mat og vassflaske (som ein kan fylle langs vegen), oppmodar arrangørane. Om ønskjeleg kan klede og skoskift bli levert til Trond Omnes for oppkøyring til Vassvåg, som er omlag halvvegs på turen. For meir informasjon, ring Trond Omnes på tlf 958 89 452.

Årsmøte med eit hint av havørn

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

Me vil gjerne sjå deg på årsmøtet i Bygdeutvalet mandag 3. april kl 19! Det blir vanlege årsmøtesaker som rekneskap og val, men òg ein status over framtidige relevante saker og planar som Bygdeutvalet har. Her kan du lese årsberetninga. I tillegg er det utarbeida eit forslag til nye Vedtekter. Naturfotograf Dag Brynjelsen kjem for å vise bilder og fortelle om havørna på Nedstrand.

Sjå meir i innkalling til årsmøtet under Kva skjer.

 

Bli med på laget for å utvikle bygda vår!

 

 

 

Bilder: Dag Brynjelsen

Strandrydding

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

Det er vår i lufta. På strendene våre havnar plast frå Brasil og England. Dyr tar feil av mat og plast, og døyr. Plast blir aldri borte. Berre dersom me bryr oss.

Elevane på Tveit har allerede starta rydding, og har gjort ein imponerande innsats! 4H har planlagt å rydde indre del av Leirå 16/3. Nedstrendingane er engasjerte og PÅ, som vanleg. Nå kan du vere med på sosiale ryddedugnadar på eit par av dei større badestrendene. Som før nevnt på Facebook er alle ryddeøkter rundt omkring i bygda supert, det treng ikkje vere organisert! Containeren frå Ragn Cells står på Bygdehuset iallefall til tirsdag 21/3, og er å nytte for alt strandboss.

Bli med på strandrydding i helga og hjelp oss å holde bygda rein for boss. Ta med ungane, hunden og bestemor.

Posar og hanskar blir delte ut, så langt det rekk. Det er fint med hjelp til å kjøre bosset ut til containeren etter dugnaden.

Me tenner bål, så ta med det du har lyst til å varme.

Sjå i kalenderen for dei to ryddedugnadane.

For spørsmål, kontakt Inger Johanne S. Monstad tlf 93429698.

Slaget om ungdomsskulen

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

Arbeidsgruppa som jobbar med ungdomsskulesaka er godt igong med å varme opp stemmar og finplukke argument – men dei ynskjer at me alle engasjerer oss! Sit me tungt i stolane nå, kan framtida for ungdommane våre bety evinnelege bussturar og altfor lange arbeidsdagar. Les kva arbeidsgruppa har skrive om dette. Velkommen til Nedstrand i januar, Sigmund – her skal du motstand finne!

Til deg kjære Nedstrandsbu! 

No er det viktig at vi samlar oss og viser kva vi vil for bygda vår!

20.januar er det frist for å kome med innspel om ny skulestruktur for Tysvær kommune. Snart skal politikarane bestemme framtida for borna våre!

I høyringsutkastet innebærer 2 av 3 alternativ nedlegging av ungdomstrinnet ved Nedstrand Barne- og Ungdomsskule. Vi må difor gå saman, engasjere oss og seie klart i frå kva vi meiner.

Kommuen har ikkje utgreidd kva som er det beste for borna på Nedstrand i denne saka. Dette meiner vi er ein uheldig mangel i beslutningsgrunnlaget.

Her er nokre argument for å behalde ungdomsskulen vår i bygda:

 

Lang reiseveg

For ein del ungar blir det faktisk 2,5 timar på buss kvar skuledag, dette er over 450 timer reising til/frå skule per år

Medfører tap av søvn og medfølgjande dårligare læringsutbytte

Negativt for folkehelse pga. stillesitting på bussen

Betydelig redusert tid til leik og fritid som medfører risiko for redusert fritidstilbod lokalt

Risiko for mobbing på buss

 

Ungdomsskulen er viktig del av den levande bygda vår!

Bortfall av ungdomsskule reduserer attraktivitet for tilflytting

Skulen er viktig samlingsplass og “lim” i lokalsamfunnet

Ungdommane nytter lokal natur og kulturlandskap til dømes i valgfag som natur og helse

Kva vil skje med fellesarrangement som 17.mai?

Risiko for mindre fritidsaktivitetar lokalt

Tap av arbeidsplassar

 

Vil du vere med å arbeide mot at dette skjer er følgjande viktig:

Infomøte om høyringsutkastet 15. desember kl. 19.00 på Sysco Arena – Folkemøte 4.januar kl. 19.00 på Bygdahuset!

Skriv under på underskriftskampanje på butikkane og på Facebook!

Send også gjerne inn Høyringsuttaler til kommunen før 20.01.17!

Snakk med politikarar om saka!

Vi må møte opp å vise kva vi vil! Bli med å engasjer deg for skulen vår!

 

På vegne av arbeidsgruppe for Bygdeutvalet, Ingrid Langballe Skogvold.

Makalaus omsorg

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

Til Nedstrand.info4
Tur treng ikkje å vere langt, i Tunet sin utvida hage sit ein godt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nedstrandstunet er den styrste arbeidsplassen i bygda vår, med rundt 60 ansatte. Her er gode tradisjonar for å møte brukarar og pårørande på best mogleg måte.

“No har me utarbeidd ein visjon” fortel seksjonsleiar Reidunn Landråk. “Med Makalaus Omsorg tenker me på dei gode møtene mellom menneske, både brukarar, pårørande og ansatte.»

«Me vil at samhandlinga skal vere tilpassa situasjon og kontekst. Eit ektefølt engasjement i tillegg til fagleg kompetanse, kombinert med kreativitet og fleksibilitet for å finne dei beste løysingane – DÅ snakkar me makalaust” avsluttar ho.

Til Nedstrand.info5

til-nedstrand-info6

Vår gode lege

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

d-naklingNedstrand Bygdeutvalg var innom Dietlind Exner Nakling på legekontoret med en liten oppmerksomhet, for å vise at vi setter veldig stor pris på henne og den gode jobben hun gjør som lege i bygda.

Dietlind forteller at hun har praktisert som lege i Nedstrand siden september 1972, da hun og hennes mann, Yngve som også var lege flyttet hit. De bodde de 2 første årene oppe i 2. etasje i Doktorboligen før de bygget seg hus i Øredalen.

Dietlind var tilsynslege på Kvileheimen helt til den ble revet og Nedstrandstunet kom.

Nå har hun åpent på legekontoret på Stranda 5 dager i uken, hun er også lege ved Helsestasjonen på Stranda, og skolelege på Nedstrand barne- og ungdomsskole.

I tillegg er hun lektor ved Universitetet i Bergen for medisinstudenter.

Sommeren er ofte en travel tid, da mange turister kommer innom kontoret for legehjelp, og om vinteren er det Tveitelever som kan ha behov for hjelp. Selv om hun ikke er fastlegen deres, hjelper hun alle som har behov for det.

Hun gjør en fantastisk jobb som lege for Nedstrand og for Tysvær Kommune.

Dietlind har hele tiden følgt med i utviklingen av moderne utstyr, og hun var den første legen i Tysvær som fikk data.

Hun har autorisasjon som lege til hun blir 80 år,  og forteller at så lenge hun trives og er ved god helse, ser hun for seg å praktisere som lege i mange år framover.

Tusen takk for innsatsen du gjør!

Marit Kristin Lie Rasmussen, på vegne av Nedstrand Bygdeutvalg.

 

#kalenderdugnad

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

Sommaren har vore våt herimg_0037 vest – men nå er ein flunkande ny haust her – og kalenderen vår er heilt klar til alle aktivitetane me veit finst i den fine bygda vår! Her er plass til alt frå familiebading til håndarbeidskveldar og rusleturar. Dess meir me får inn nå, dess meir aktuell blir kalenderen. La det ramle inn med arrangement nå – så kalenderen blir stappfull!

Dess meir me får inn nå – dess meir aktuell blir kalenderen! La det ramle inn med arrangement.

Heilt nytt i september er ein enklare måte å melde inn arrangement til kalenderen. Ved å trykke på lenka «Klikk her for å melde inn eit arrangement«, som ligg både på framsida og på kalendersida, får du opp eit skjema som du fyller ut. Når du er ferdig trykker du berre “send”. Easy peasy! Håpar dette er noko som vil fungere for alle. Har du tilbakemeldingar, enten av positiv eller negativ art – send gjerne ein lyd til inger.monstad@gmail.com.

Sjef på eiga skute

Publisert av Inger Johanne Silgjerd Monstad

Øyvind Lund (26) er langt ifrå fyrstereisgut på Lofotfiske. Han har reist som mannskap i fem vintrar. Men iår er fyrste året som eigen sjef. I tillegg er sjarken “Nesbuen” flunkande ny.

Til Nedstrand.info2

Dagen før avreisa i februar er Øyvind spent på turen nordover.

“Eg veit jo ikkje korleis fisket blir, men håpar det blir bra. Sjarken er ikkje så stor, så ut på storhavet kan eg ikkje gå. Eg får satse på at fisken finn meg likevel. Eg har med onkelen min som mannskap, og me har leigd ei rorbu til å sove i. Det kan jo bli litt trangt å bu her for to personar, iallefall i vekesvis” smiler han, og viser rundt. I styrehuset er det plass til eit pittelite kjøleskap og to små kokeplater, og i fronten er det soveplass til ein.

Øyvind satsar på fiskaryrket, slik menn i familien har gjort i generasjonar før han. Iår har han vore heldig å få ei ungdomskvote i nord, samt støtte til sjarken frå Tysvær Kommune. “Eg har aldri angra på at eg tok steget som yrkesfiskar. Eg har alltid likt meg på sjøen. Som liten var eg med pappa og farfar på sjøen. Eg fekk lov til å prøve sjølv, lukkast og feile.”

“Men kva er det du likar best med å jobbe på sjøen, Øyvind?”

“Å, det er mykje! Ikkje to dagar er like. Eg må følge med på vind og ver. Vedlikehalde bruk og båt. Setje meg inn i lovar og reglar, samt følge med på reguleringane som heile tida endrar seg. Det er spanande å sjå korleis heile økosystemet i havet heng saman.”

Til Nedstrand.infoHan trekk pusten og fortset: “Eg likar òg at arbeidet mitt er sesongdelt – når eg er passe lei garnfiske på våren, så kan eg gle meg til teinefisket. Det er facinerande å sjå den fantastisk flotte, men òg brutale naturen Gud har skapt. Eg blir belønna for tidlege morgonar med flotte soloppgongar. Og etter frisk luft heile dagane, så søv eg godt om nettene.”

Øyvind kunne fortsett lenge,  men nå må han tilbake til klargjeringa av båten. Mykje skal tenkjast på før turen til nord. Men han er snart klar. Og gler seg.