Besøke

Nedstrand Feriesenter tilbyr langtids plassar for husvogner i gåavstand til Stranda.

Sandvik Camping tilbyr langtidscamping eller korttids-plassar i idylliske omgivnader langs Skjoldafjorden med utsikt til Borgøy.

Skjoldastraumen Camping i  Skjoldastraumen, Tlf.: 52 77 91 96/ 908 33 809

oversiktsbilde

Det er fleire overnattingsmoglegheiter på Nedstrand gjennom nettstaden Air b&b. 

 

Det er lett å komme seg til Nedstrand både via landeveg og sjøveg. Frå E39 tar du av til fylkesveg 515 i Grinde, og passerer den idylliske nabobygda Skjoldastraumen på veg søraustover. Når du har passert Yrkje, er du på Nedstrandshalvøya. Frå Espevik opnar bygda seg mot fjorden. Her kan du ta av mot Liarvåg om du vil, eller fortsette innover. Du passerer Muslandsvåg og finn Hinderåvåg, før du når Stranda, der hurtigbåt og ferje kjem inn. Vidare innover kjem du til Nessa og Kvam, og Ringja heilt innerst.

Busselskapet Columbus tek deg trygt innover frå Haugesund og Aksdal.

Buss: Rutetider lokalrute 46, Nedstrand-Skjoldastraumen-Aksdal-Haugesund (Kolumbus)

Kjem du sjøvegen, kan du velge ferge i Jelsasambandet. Denne ferga tek deg innover i Ryfylke eller sørover til Stavanger via Finnøy:

Ferje: Rutetider Fogn-Judaberg-Nedstrand-Jelsa (Norled)

Hurtigbåten er eit fint alternativ til bil, om du kjem frå Stavanger, eller skal sørover. På fine dagar er det òg reine eventyret i vakker Ryfylkeskjærgård:

Hurtigbåt: Rutetider hurtigbåt Stavanger til Ryfylke (Columbus)

Reiser du med fly, er Helganes utanfor Haugesund nærmaste flyplass. Ein reknar ca ein times kjøring dit. Sola utanfor Stavanger er heller ikkje langt unna, men du må rekne ca to timars kjøring etterpå

Skiftende regnbyger
Torsdag
Skiftende regnbyger
60%
Regn
Fredag
Regn
90%
Overskyet
Lørdag
Overskyet
20%
Delvis skyet
Søndag
Delvis skyet
20%
For det meste skyet
Mandag
For det meste skyet
10%

Har du gløymt matpakken på turen til Nedstrand, treng du ikkje fortvile. I tillegg til våre tre Jokerbutikkar, kan du òg finne tre serveringsstader:

Kafé Nais ligg på rett innanfor ferjekaien på Stranda, og tilbyr varm og kald mat. Her vil du òg kunne oppleve små konsertar  frå tid til annan.

Kaféen i Klatreparken har åpent i åpningstida til parken. Dei tilbyr kortreist og sunn mat.

Jordbruksskulen på Tveit opnar dørene for svoltne middagsgjester kvar søndag.

TSE er ein pop up restaurant på Nedstrand Bygdahus 2 etasje dei tre siste vekene i juli (onsdag-lørdag).

Bygda vår har så mange nærbutikkar som me fortjener – altså heile tre stykker.  Og her snakkar me kvalitet. Anten du treng heilt ordinære daglegvarer, landbruksprodukter eller bare å slå av ein god prat – så får du det du kjem for. Trivelege kjøpmenn og gode møteplasser.

Joker Hinderåvåg

Joker Nedstrand

Joker Rasmussen

 

Nedstrand ligg flott til i Ryfylke der Boknafjorden og Vindafjorden møtest, skjerma for nordavinden og med ein fantastisk natur. Båtforeninga har 123 faste plassar i flytebrygge med bølgjedempar og plass til 20-30 gjestebåtar. Det er tilgang til straum og vatn i hamna og drivstoff frå automatpumpe. Dei lokale kjøpmennene har eit utval av tau og anna utstyr til båt i tillegg til vanlege kolonialvarer. Butikkar og kafé er rett ved båtforeninga. På heimesida til båtforeninga vil du finne informasjon om foreninga og hamna vår til medlemmar og gjester. Her finn du også informasjon om turalternativ og attraksjonar som er verdt å bruke tid på når du gjestar bygda vår. Velkomen!

Nedstrand Båtforening, 5560 Nedstrand
Epost: nedstrand.bf@gmail.com
Heimeside: www.nedstrand.org
Mobil: 467 67 200

Sjøkart for Nedstrand

 

¸