All posts by ingvild

Rådsmøte i Nedstrand bygdeutval 16. november

Publisert av ingvild

Lag- og organisasjonar og verksemder på Nedstrand kan nå bli medlem av Nedstrand bygdeutval. Det er sendt ut infoskriv til  leiarar i lag- og foreiningar, organisasjonar og verksemder, med informasjon om fordelar ved å vere medlem i Nedstrand bygdeutval. Torsdag 16. november blir det rådsmøte der bygdeutvalet ønskjer representantar (gjerne fleire  frå kvar organisasjon)  frå lag og organisasjoner på Nedstrand velkommen til Bygdahuset klokka 20.00.

NB: Det blei først lagt inn ein annan dato i kalenderen på nedstrand.info, merk at det er 16.11. som er rett dato.

Her kan ein lese meir om medlemsskap i Nedstrand bygdeutval. 

Nedanfor finn ein saksliste til rådsmøtet: 

Hensikten med møtet er å sikre en god involvering og forankring av bygdeutvalgets arbeid. Det er svært viktig at vi er samkjørte og har felles synspunkter på prioriteringer og saker vi arbeider med. Tenk gjennom temaer/saker dere vil ta opp og gi gjerne innspill til Olav Ubøe innen to dager før møtet.

Vi har satt opp følgende saksliste:

  1. Bakgrunn for og hensikt med rådsmøtet og ny arbeidsform
  2. Status på de viktigste sakene vi arbeider med
  3. Gjennomgang av prioriteringsliste fra årsmøtet
  4. Innspill fra salen
  5. Nedstrandinfo; praktisk bruk og ideer
  6. Tysværdagen 2018; felles samarbeidsprosjekt
  7. Eventuelt


På vegne av styret i bygdeutvalget

Ingeborg Baustad                                    Olav Ubøe

Leder                                                       kasserer

 

 

Nå kan ein bli medlem av bygdeutvalet

Publisert av ingvild

Nå kan lag- og organisasjonar og verksemder på Nedstrand blir medlem av Nedstrand bygdeutval.

Nedstrand Bygdeutval skal arbeide for bygda vår gjennom engasjement i viktige saker som gjeld bygda. Difor er det viktig å ha eit bygdeutval som har god forankring i bygda. Bygdeutvalet tok for ei tid sidan initiativ til å vurdere korleis denne forankringa kan styrkast, og det har ført til at nye vedtekter vart vedtatt på årsmøtet 2017.

Dei nye vedtektene legg opp til at organisasjonar og verksemder (frivillige, private og offentlege) i bygda kan bli medlemmar og ha direkte påverknad på arbeidet. Dette blir gjort ved at organisasjonane kan teikne medlemsskap i bygdeutvalet. Det skal vere ein symbolsk medlemsavgift fastsett av årsmøtet. Den er frå starten sett til 300 kroner. Den skal først og fremst gå til drift og forbetring av nedstrand.info sidene og felles kalender for arrangement i bygda.

Det er nå sendt ut e-post til leiarar i lag- og foreiningar, organisasjonar og verksemder, med informasjon om fordelar ved å vere medlem i Nedstrand bygdeutval.

Dersom me har gløymt å sende e-post til alle, og du saknar ein e-post, kan ein kontakte bygdeutvalet. Det kan ein også gjere om det er noko ein lurer på. Kontaktinformasjon finn ein i vedlagt dokument.

Her finn ein både inforskriv om medlemsskap og vedtektene frå årsmøtet:

No kan organisasjonane i Nedstrand bli melemmar av Nedstrand Bygdeutval VedtekterNBUV2017

 

Besøk den populære Himakånå

Publisert av ingvild

Den siste tida har svært mange besøkt fjellet Himakånå som ligg på Nedstrand. I sommar har fleire tusen tatt den omlag ein time lage turen opp til den spektakulære fjellformasjonen som ligg 357 meter over havet.

Foto: Kristine E. Rafdal

Vegen til Himakånå går frå Hinderåvåg, der det er parkeringsplass. Turen er seks kilometer, tur-retur.
Her kan ein verkeleg få seg ein flott tur, der både turen opp og toppen byr på nydeleg utsikt.

Hugs at stien går gjennom beite, så det er viktig å lukke grinder og ha hundar i band.

Lese meir om Himakånå? Sjå visithimakana.com.

Pop up restaurant på Bygdahuset

Publisert av ingvild

Etter stor suksess i fjor, blir det også i år pop up restaurant i andre etasje på Bygdahuset på Nedstrand dei tre siste vekene i juli. Det er kokk Ørjan Skeie Bjørnsen som lagar mat, og med seg har han eit godt team.

Ørjan Skeie Bjørnsen og kona Anne Grethe Aksvig hadde suksess med pop up restauranten TSE i fjor sommar. Nå inviterer dei på ny til herleg mat tre veker i juli. Foto: Ingvild R. Myklebust

TSE har ope onsdag til fredag dei tre siste vekene i juli. Her kan ein få seg både lunsj og middag, og om laurdagskveldane blir det Chef Table, der det blir servert ein sett trerettars middag. Dette må førehandsbestillast.

For å lese meir om TSE samt sjå meny, besøk sida deira på Facebook.

Nytt overnattingstilbod på Nedstrand

Publisert av ingvild

Nytt av året er at ein kan ein leige seg rom på Tveit vidaregåande skule om sommaren. Nedstrand Sommerpensjonat ligg rett ved Høyt&Lavt klatrepark, og har i år 40 rom tilgjengelege for overnatting.

Overnattingsgjestar vil ha høve til å leige ein liten båt inkl fiske-utstyr, kano eller syklar for å utforske Nedstrand.
Alle gjestane får også utlevert eit eige turkart med oversikt over alle turløypene i området.

Vil du vite meir om Nedstrand Sommerpensjonat – besøk nettsida deira.

Turistinformasjon på Nedstrand

Publisert av ingvild

Det er Joker Nedstrand som har turistinformasjonen på Nedstrand. Dei kan svare på spørsmål ein måtte ha, og informere om turar, kart, attraksjonar og så vidare.
– Det er mange som set pris på at me kan hjelpe til med informasjon om området. Somme tider har me til dømes også hjelpt folk med å sjekke vêrmeldinga før dei legg ut på ein tur,  seier Marianne Nesheim-Hauge som saman med mannen Arve driv butikken og turistinformasjon.
Joker Nedstrand ligg rett ved ferje- og hurtigbåtkaia på Nedstrand.
Dei som jobbar der kan svare på engelsk og tysk.

Marianne hjelper gjerne turistar med informasjon om Nedstrand og omegn. Foto: Ingvild R. Myklebust