All posts by ingvild

Pop up restaurant på Bygdahuset

Publisert av ingvild

Etter stor suksess i fjor, blir det også i år pop up restaurant i andre etasje på Bygdahuset på Nedstrand dei tre siste vekene i juli. Det er kokk Ørjan Skeie Bjørnsen som lagar mat, og med seg har han eit godt team.

Ørjan Skeie Bjørnsen og kona Anne Grethe Aksvig hadde suksess med pop up restauranten TSE i fjor sommar. Nå inviterer dei på ny til herleg mat tre veker i juli. Foto: Ingvild R. Myklebust

TSE har ope onsdag til fredag dei tre siste vekene i juli. Her kan ein få seg både lunsj og middag, og om laurdagskveldane blir det Chef Table, der det blir servert ein sett trerettars middag. Dette må førehandsbestillast.

For å lese meir om TSE samt sjå meny, besøk sida deira på Facebook.

Nytt overnattingstilbod på Nedstrand

Publisert av ingvild

Nytt av året er at ein kan ein leige seg rom på Tveit vidaregåande skule om sommaren. Nedstrand Sommerpensjonat ligg rett ved Høyt&Lavt klatrepark, og har i år 40 rom tilgjengelege for overnatting.

Overnattingsgjestar vil ha høve til å leige ein liten båt inkl fiske-utstyr, kano eller syklar for å utforske Nedstrand.
Alle gjestane får også utlevert eit eige turkart med oversikt over alle turløypene i området.

Vil du vite meir om Nedstrand Sommerpensjonat – besøk nettsida deira.

Turistinformasjon på Nedstrand

Publisert av ingvild

Det er Joker Nedstrand som har turistinformasjonen på Nedstrand. Dei kan svare på spørsmål ein måtte ha, og informere om turar, kart, attraksjonar og så vidare.
– Det er mange som set pris på at me kan hjelpe til med informasjon om området. Somme tider har me til dømes også hjelpt folk med å sjekke vêrmeldinga før dei legg ut på ein tur,  seier Marianne Nesheim-Hauge som saman med mannen Arve driv butikken og turistinformasjon.
Joker Nedstrand ligg rett ved ferje- og hurtigbåtkaia på Nedstrand.
Dei som jobbar der kan svare på engelsk og tysk.

Marianne hjelper gjerne turistar med informasjon om Nedstrand og omegn. Foto: Ingvild R. Myklebust

Velkommen til konsertar og fjellturar i sommar!

Publisert av ingvild

Nedstrand Bygdeutval med samarbeidspartnarar inviterer denne sommaren til to konsertar, samt to guida fjellturar i Nedstrandsfjella.

Konsert i tollbua 1. juli klokka 20.00

Ole Morten Velde frå Karmøy song i tollbua for to år sidan. Det slo an, og over 80 tilhøyrarar fylte lokalet. Nå vil Bygdeutvalet og Bygdemuseet gjenta suksessen.

1. juli kjem Velde til det vakre og intime lokalet, tollbua frå 1600-talet. Han tar også med seg pianisten Hans Petter Tangen.
Når dei 80 heldige som får plass inne benkar seg, vil dei får høyre kjende opera-arier, italienske serenader, norske svisker og sikkert noko anna også som Ole Morten og Hans Petter har på lur.

Korleis skaffe seg billettar denne intimkonserten?
For å reservere plass, send epost til nedstrand.bygdeutval@gmail.com, eller sms til 98214722. Her må du sende ditt namn, epostadresse/telefon og oppgi kor mange plasser du ønskjer å reservere. Du vil få ein epost tilbake med betalingsinformasjon.
Det er viktig å reservere plass på førehand, då det berre er 80 plassar.
NB! Enkle sitjeplassar: benkar, trapp og stolar.

Konsert i amfiet 6. august klokka 18.30

Me håpar på godt augustver denne kvelden, så me kan benke oss i det flotte amfiet på Stranda, for å høyre jazzballader frå Wenche Lien JazzKvartett frå Stord!
Skulle veret bli dårleg, blir konserten flytta til Tollbua. Billettar kan kjøpast på ein av Joker-butikkane, og kostar 200 kr. Arr: nedstrand bygdeutval og nedstrand bygdemuseum.

Wenche Bruun Lien kvartett, stordbasert band som spelar standard jazz. Dette blir i hovudsak ein balladekonsert.

Det blir også arrangert to fjellturar denne sommaren. Opplev dei nydelege Nedstrandsfjella med lokal guide!

Guida tur til hest 16. Juli

Har du lyst til å gå tur saman med andre, og gjerne ilag med lokalkjende, er dette turen for deg. Kåre Topnes er kjentmann og guide denne dagen. Det blir anledning til bilskyss frå båthavna på Stranda klokka 10.30. Ellers møter ein på parkeringsplassen på Topnes kl 11.00. Verforbehold.
Arr: Nedstrand bygdeutval og Nedstrand båtforening.

Guida tur til Skrubbursnuten og Rossafjell 22.juli

Ny guida tur, denne gongen med Inga og Hilmar Øverland. Bilskyss frå båthavna klokka 10.45, eller møt på Gurigjerde kl 11.00. Verforbehold.
Arr: Nedstrand bygdeutval og nedstrand båtforening.

Vågal sykling i vill nedstrandsnatur

Publisert av ingvild

Bike Brothers NedstrandRittet har blitt til eit av dei mest urfordrande terrengsykkelritta på Vestlandet. Sykkeletusiastar frå fjern og nær kjem for å vere med på det særprega sykkelrittet som går mellom fjell og fjord i mange ulike terreng. Her er sykkelritt for både liten og stor.

Om du går for den snille varianten Folkerunda, eller den meir vågale utgåva, Bike Brothers Nedstrandrittet, får du deg ei vill og vakker oppleving i spanande sykkelløyper. Dette er femte gongen sykkelrittet blir arrangert.

Løypene i Bike Brothers NedstrandRittet byr på ulikt terreng og flott natur. Foto: privat

Søndag 18. juni 2017 er datoen, og start og mål er på Nedstrand idrettslag sitt idrettsanlegg på Hinderåvåg. Her blir det også passering i løpet av sykkelritta, noko som skaper ekstra spenning for både publikum og deltakarar.

I tillegg til ritta nemnt over, blir det heldt barneritt og ungdomsritt. Her kan altså heile familien få ein flott sykkeldag på Nedstrand. Bike Brothers NedstrandRittet blir arrangert av Nedstrand idrettslag i samarbeid med Bike Brothers.

Traseen i årets løp går mest av alt på grus, men du får også gleda av mykje skogsveg, sti og beitemark, samt utfordrande bakkar både opp og ned.

Det blir også nokre smale plankebruer og litt bekkevatn til anklane. Mellom alt dette blir det også litt naudsynt asfalt.

 

Dette er sykkelritta som blir heldt 18. juni 2017:

BBNR NedstrandRittet( 38,5 km)

BBNR Folkerunda (26 km)

BBNR Ungdom (16km)

BBNR Barn (ca500 m og 1,5 km)

 

«Du trur det ikkje før du har opplevd det, for maken til ritt veit me at du skal reise langt for å finne. Så «TA DEG UT», som me sier på Bike Brothers!» , er meldinga frå arrangørane.

Barnerittet startar klokka 10, medan dei andre ritta startar klokka 12. Det blir kafé og kiosksal ved Bygdahuset under heile arrangementet.

For å melde seg på Bike Brothers Nedstrandsrittet, kan du følgje denne lenka:

https://signup.eqtiming.no/?Event=bikebrother

Åtte gode grunnar til ein fjelltur

Publisert av ingvild

Er du glad i å gå på fjelltur? På Nedstrand er det mange nutar som berre ventar på folk som vil nyte den fantastiske utsikta. Under Midtsommarfesten i Tysvær får du høve til å vere med erfarne fjellfolk på heile åtte toppar på ein dag.

Utsikt frå Stølanuten, som ligg 577 meter over havet. Der er sett opp ein fin kvilebenk på toppen. Foto: Ingvild R. Myklebust

Dette er ein spektakulær tur, som går til Hedleåsen, Lammanuten, Gaupåsen, Tytefjell, Dalvanuten, Skrubburdnuten, Rossafjellet og Stølanuten. Turen er på omlag 40 kilometer. Litt av ei styrkeprøve der, altså.

Turen finn stad laurdag 24. juni.

Kanskje kan ein kalle dette Nedstrand sitt svar på den kjende 7-fjellsturen i Bergen? Der går ein 3,5 mil, og har ei total oppstiging på 2400 meter. Den høgaste toppen på den turen er Ulriken, som er 640 meter over havet. Lammanuten, som er den høgaste nuten på 8-nutarsturen på Nedstrand, er rett under med sine 631 meter over havet.

Det er NIL si sjølvoppnemnde turgruppe som inviterer til turen. Dersom ein synest dette verka freistande, er det berre å leite fram fjellskoa, pakke niste og sette på vekkarklokka. Turen startar nemleg klokka 04.44, og oppmøte er i rundkøyringa på Hinderåvåg klokka 04.40. Det blir opplyst av arrangøren at «dette er ingen pysetur».

Skrubburdnuten er Tysvær sin nest høgaste topp, med sine 591 meter over havet. Foto: Bjarte Fitjar

Ta med det du treng til ein 13-14 timars tur. Fornuftig mat og vassflaske (som ein kan fylle langs vegen), oppmodar arrangørane. Om ønskjeleg kan klede og skoskift bli levert til Trond Omnes for oppkøyring til Vassvåg, som er omlag halvvegs på turen. For meir informasjon, ring Trond Omnes på tlf 958 89 452.